– Dette blei gjort for å trekka til oss nye interessentar, forklarer Jan Erik Østbø, meklar i EiendomsMegler1.
Då Sauda Fjord Hotel blei lagt ut for sal i juni 2012 var prisantydinga 6,5 millionar kroner. Fredag blei prisen nedjustert til 5,5 millionar kroner.
I august kunne meklaren opplysa at 25 interessentar hadde tatt kontakt. Talet snevra seg kraftig inn i løpet av hausten, og like før jul var ein utanlandsk interessent spesielt aktuell. Vedkommande leverte inn eit konkret bod på eigedommen. Nå er salet igjen ope for alle interessentar. Østbø presiserer at den utanlandske investoren framleis er interessert i det nær hundre år gamle hotellbygget i Sauda.
– Dersom det i verste fall skulle skje at han ikkje lenger er aktuell, har me gått ned på prisantydninga for å lokka til oss andre interessentar, seier meklaren.