Knuser garderobebygget

Rivinga av det seksti år gamle utebassenganlegget held fram.

– Om det er vemodig? Tja. Det er nok vemodig for alle dei som har hatt eit forhold til anlegget. Men ikkje for meg, eg bada helst i bygdaelva, eg, seier maskinkjørar Leif Eivind Øverland frå Aartun Transport.

Utebassenget blei bygt i 1954 og var i bruk til og med sommaren 2009. Dei siste åra var både bassenget og garderobebygget i ei elendig forfatning. Våren 2010 vedtok saudapolitikarane å stenga utebassenget for godt på grunn av den dårlege tekniske kvaliteten på anlegget.

I går, tysdag, starta Aartun Transport arbeidet med å plukka ned dei impregnerte fjølene frå garderobebygget. I dag, onsdag, var tida komen for å riva det seksti år gamle trebygget som har romma garderobar og dusjar.

Seinare vil firmaet gå i gang med å riva sjølve bassenget, som er 25 x 15 meter stort.