Reiser til VM i Orlando

Mats Flydal Nørgaard er tatt ut på landslaget i cheerleading – for fjerde året på rad.

– Årets landslag er betre enn nokon gong. Eg har tru på at me kan gjera det godt, seier Mats Flydal Nørgaard.

Den 21 år gamle saudabuen bur i dag i Oslo og er medlem av cheerleadinglaget Viqueens, laget som for øvrig har heile 34 av dei tilsaman 56 utøvarane som er tatt ut på landslaga i cheerleading i 2013. Klubben blei stifta i 1997 og er Norges mestvinnande cheerleaderklubb.

– Mats er ein god allrounder. Det at han kan turna gjer han viktig for laget. Han har halde på i mange år og har mykje erfaring. Han skaper dessutan også god stemning på treningane, seier Kari Moberg, styreleiar i Viqueens Cheerleaders.

VM i cheerleading blir arrangert i Orlando i USA 25. og 26. april. Landslaga reiser frå Norge 22. april og skal vera tilbake i heimlandet igjen 1. mai.