4. mars byrjar Ingvild Hovind som arkivmedarbeidar ved Sauda Lokalarkiv. Hovudoppgåvene vert å systematisera alt materialet som er levert inn sidan Stiftelsen Sauda Lokalarkiv formelt vart registrert hos Fylkesmannen i Rogaland for ganske nøyaktig 20 år sidan, og å føra arkivet inn i den digitale tidsæraen.
– Ein spanande jobb, ein ryddejobb, men ikkje eit langvarig engasjement, er 47-åringens karakteristikk av oppgåva som ventar ho.
Lokalarkivet rommar arkiva til smelteverket, Saudefaldene og Sauda Fabrikkarbeiderforening. I tillegg kjem store avleveringar frå til dømes Øgreid Bygg, Sauda Klubb og Sauda turnforening. Gjennom åra har óg private arkiv vorte levert inn, det skal vera oppunder 100 slike samlingar.