Invitert til å visa styrke

Styrkeløftar Hildeborg Juvet Hugdal skal delta på verdas største multi-sport fitness weekend.

Arnold Schwarzenegger samla i 1989 nokre venner til ein kroppsbyggings-laurdag. Det bygde på seg. I månadsskiftet februar/mars 2013 er det venta 18 000 utøvarar i over 45 sportsgreiner og 175 000 tilskodarar til The Arnold Sports Festival i Columbus, Ohio.

Mellom desse 18 000 utøvarane er Hildeborg Juvet Hugdal frå Sauda. Laurdag 3. mars deltek ho i USA Powerlifting Championship.

– Det vert ei kjempeoppleving og det er stort berre å verta invitert til eit slikt stemne, sprudlar styrkeløftaren, og tenker på det store publikummet, stemninga og samlinga av så mange sportskvinner og -menn innan så mange greiner.