Hybel2

Hybelkrisa løyste seg

Alt 30 minutt etter at saka blei publisert på nett kom det første hybeltilbodet.

I går, onsdag, stod to utanbygds elevar ved Sauda vidaregåande skule utan eit butilbod i Sauda.

25 år gamle Daniel Nilsen Jørgensen frå Sandnes, som måndag starta på eit 19-vekerskurs ved transportfagavdelinga på Birkeland, budde då på Kløver Hotel, medan 18 år gamle Håvard Mydland frå Vikeså, som tar eit ti veker langt kurs som lærling same stad, hadde lånt ein sofa hos venner inntil vidare.

Begge frykta at dei måtte seia frå seg skuleplassane sine dersom dei ikkje fekk seg ein plass å bu denne veka. Gleda over å få plass på dei ettertrakta sjåførkursa til skulen i Sauda kunne dermed fort bli kortvarig.

Saka blei lagt ut på Ryfylke sine nettsider onsdag føremiddag – og deretter vidarespreidd til nettsamfunnet Facebook. Alt 30 minutt etter at saka blei publisert på nettet kom det første hybeltilbodet til skulen.

Totalt kom det inn seks hybeltilbod. Daniel Nilsen Jørgensen og Håvard Mydland har nå fått kvar sin hybel og slepper å seia frå seg skuletilbodet i Sauda.

– Det er tydeleg at folk er positive og trør til når andre har behov for hjelp. Dette var verkeleg flott, seier kontaktlæraren til elevane, Lars Njøten.