Robin_Handeland

Robin Handeland vann Saudasprinten

Starta elleve sekund bak fjorårets vinnar, Jon Inge Vetrhus, men vann overlegent med 48 sekund i mål.

I helga har Sauda Idrettslag arrangert Saudasprinten i Slettedalen. Rennet starta med klassiske løp laurdag og blei avslutta med jaktstart i fristil sundag.

Skiskyttar Robin Handeland kom på tredjeplass laurdag, 1.16 bak Audun Laugaland og elleve sekund bak fjorårets jaktstartvinnar, Jon Inge Vetrhus. Laugaland, som også vann det klassiske rennet i fjor, valde også i år å stå over fristilrennet sundagen. Dermed var det suldølen Vetrhus som gjekk først ut frå start, med saudabuen elleve sekund bak.

– Jon Inge Vetrhus starta hardt, men eg bestemte meg for å ikkje la det stressa meg. Etter to, av i alt fem rundar, tok eg han igjen. Deretter mista eg han kjapt i bakkane, fortel Handeland.

Handeland gjekk i mål 48 sekund framfor Vetrhus. Sondre Handeland, også han frå Sauda, tok tredjeplassen, rundt førti sekund bak suldølen.

Jon Inge Vetrhus hadde det første nappet i den nye vandrepokalen, nå har han levert den vidare til Robin Handeland.

– Godt å få pokalen heim til Sauda igjen, konstaterer ein strålande fornøgd Handeland.