Kallar inn til rus- og dopmøte

Uro over eit veksande miljø.

I førre møte i formannskapet uttrykte Ivar Tangeraas frå Høgre uro over eit veksande miljø innan rus og kroppsdoping. Han lurte på om det er på tide til å kalla inn til eit møte mellom formannskapet, politiet og SLT-koordinatoren (SLT: samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak).

– Eg inviterer til eit slikt møte i formannskapet onsdag 13. mars. I tillegg til dei nemde partane ønsker eg óg å invitera Ungdomsrådet, opplyser ordførar Frode Sulen.