Jostein Overskeid, Frode Sulen

Spør kva brukarar og tilsette meiner

Kommunen gjennomfører nok ei brukarundersøking.

– Eit ledd i kvalitetskontrollen vår, seier plan- og beredskapskoordinator Jostein Overskeid.

– Mottoet til kommunen er «Litt betre kvar dag». Me gjer dette for at me vil verta betre, og då må me spørra for å vita kva me bør verta betre på, supplerer ordførar Frode Sulen.

I komande veke sender kommunen ut spørreskjema som brukarane vert bedne om å fylla ut og returnera.

– Me gjer dette kvart andre år, og har vel gjort det tre-fire gonger før, opplyser Overskeid.

Han forklarer at hensikta er å danna seg eit bilete av kor fornøgde brukarane av dei kommunale tenestene er. Kva meiner dei er bra, og kva kan forbetrast? Kommunen har ein kvalitetskontroll i form av dei såkalla KOSTRA-statistikkane, der alle faktatala over til dømes plassar og tilsette i barnehage, skule og eldreomsorg vert rapportert inn. Dette er ein kontroll av den subjektive oppfattinga brukarane har av kvaliteten på tenestene som vert ytt.

Ved å samanlikna KOSTRA-tala med andre kommunar og resultatet av årets brukarundersøking, får både kommuneadministrasjonen og politikarane ein god indikator på kva veg utviklinga går.

Overskeid og Sulen presiserer at brukarane svarar med full anonymitet.

– Ingen kan spora kven som svarar kva. Me sender ut papirskjema, men det er også mogleg å svara på internett. Også på internett er brukarane sikra anonymitet, lovar Overskeid.