Brann_oppdatert

Siste: Ein person framleis sakna

Ein av dei to som var sakna etter husbrannen, er gjort greie for.

– Den eine av dei to sakna er gjort greie for. Vedkomande var korkje i huset eller i Sauda då brannen starta, står det i den sist oppdaterte politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt klokka 10.00.

Det tyder at ein person framleis er sakna etter brannen i bustadhuset i Skulegata i natt.

To kriminalteknikarar frå Haugesund er no på veg til Sauda.

Utover dagen vil politiet gjera sine undersøkingar på brannstaden og avhøyra vitne.