– Avtalen er at me skal sikra full drift på døgnbilen, og fortløpande bemanna dagbilen så sant det lar seg gjera, seier Knut Morten Ask, funksjonsleiar ved ambulansetenesta i Sauda.
I desember i fjor vedtok Helse Fonna å stoppa drifta av ambulansebilen som er på vakt på dagtid i Sauda. Helseføretaket grunngav kuttet med mangeårige rekrutteringsproblem.
Medan Sauda kommune og helseføretaket tar tak i rekrutteringsutfordringane, har dei tilsette ved ambulansestasjonen i Sauda stått på for å oppretthalda drifta på begge ambulansane inntil vidare. Ambulansestasjonen i Sauda har per i dag 8,6 årsvek. I desse jobbar fire faglærte personar, resten blir dekka opp av ufaglærte, både i faste stillingar og i vikariat.
For, når turnusar skal settast opp er det som eit puslespel når ein må sørga for at begge bilane er bemanna med minst ein faglært person, den eine døgeret rundt, den andre mellom klokka 07.00 og 15.00 på kvardagane.
– Får me sjukdom på toppen av det heile, har me store problem med å drifta begge ambulansane, vedgår Ask.
Dermed vil Sauda fleire gonger nå i januar bare ha ein ambulanse i drift på dagtid.