Sundag rykka ambulansen to gonger ut til skitrekket i Svandalen. Den første gongen var det for å henta ei jente som hadde skada skuldra.
Den andre utrykkinga var like før trekket stengde for dagen. Ein gut hadde pådrege seg ein hovudskade. Han vart frakta til legeundersøking med mistanke om mogleg hjernerysting.
– Begge brukte hjelm, og begge fall av seg sjølv i bakken, opplyser Anita Nedrebø i skitrekket.