Nyaste II bilete brann

Frigir namnet på den omkomne

Det var den sakna John Mikael Granberg som torsdag blei funnen død i brannruinane i Skulegata.

48 år gamle John Mikael Granberg budde ikkje i bygget, men skal ha lånt leiligheten av ein kamerat onsdag i sist veke. Han har vore sakna sidan brannen braut ut natt til torsdag.

Brannvesenet og politiet fekk melding om brannen i 00.45-tida, og det brann då kraftig i det gamle trebygget, som ligg like ved Folkets Hus.

Taket raste saman og heile tredjeetasjen var utbrent då brannmannskapa omsider fekk kontroll over flammane eitt par timar etter at brannen blei meldt.

Torsdag kom kriminalteknikarar frå Haugesund til Sauda for å undersøka brannruinane. Seinare same dag blei ein person funnen død i tredjeetasjen i bygget.

Vedkommande blei sendt til obduksjon, og i dag, onsdag, blei det klart at det var den sakna 48-åringen som omkom i brannen.