Sauda får omstillingsstatus

Får to millionar kroner kvart år i tre år.

Under møtet i regional- og kulturutvalet i Rogaland fylkeskommune i går, torsdag, blei det vedtatt at Sauda får omstillingsstatus dei neste tre åra. Dette betyr at Sauda får tilført to millionar kroner kvart år i desse åra. Pengane skal gå til omstillingsarbeid.

– Føremålet er å jobba for å få eit meir variert og fleksibelt næringsliv. Sauda er jo i ei særstilling i Rogaland, med fråflyttingsproblem og eit noko einsidig næringsliv, seier høgrepolitikar Ivar Tangeraas, som overbrakte den gode nyheten til lokalavisa i går ettermiddag.

Ordførar Frode Sulen var i går ettermiddag ein glad mann. Meldinga om at Sauda får status som omstillingskommune og får tilført to millionar kroner kvart år i tre år, varma ordføraren.

– Ein gledas dag. Det tyder at omstillingsarbeidet me har lagt ned, vert lagt merke til. Det viser óg at styresmaktene har tru på at Sauda er ein kommune som kan gjera seg god nytte av desse midla, kommenterer han.