Vil ha småbarna ut i naturen

Sundag er dei små hovudpersonane i Svandalen.

– Mange aktivitetar, lovar Jorunn Øye Rossebø.

Saman med Helene Fjellheim Midthun inviterer ho sundag alle mellom 0 og 12 år, og foreldra deira, til den nederste delen av skitrekket i Svandalen.

I tillegg til leik og moro i snøen, lovar ho óg gratis pølser til deltakarane.

– Sundag er ”Kom deg ut-dagen”, ein dag turistforeininga står for over heile landet, forklarer Rossebø.

Samkomet i Svandalen vert dermed det første arrangementet i regi av det nystifta Barnas Turlag i Sauda.

– Me håpar at det vert bra vêr sundag, og, ikkje minst, at det kjem mange folk, oppmodar Jorunn Øye Rossebø.