Aud Hege Jørgensen har sagt ja til å vera leiar i 17.mai-komiteen i år. Med dette har ho det øvste sjefsvervet når nasjonadagen skal feirast i Sauda.
– Slett ikkje verst. Og Jørgensen Hebnes har med seg den erfarne Ingvar Austerheim som nestformann, opplyser Vibecke Håheim, leiar i Sauda Idrettslag.
Jørgensen Hebnes har aldri før vore med i 17.mai-komiteen, men seier ho følte det er viktig å vera med og bidra i det store dugnadsprosjektet.
– Det er så klart ei utfordring, men idrettslaget har arrangert 17. mai før, og gjort gode jobbar. Det ligg inne mykje erfaring og rutine, seier ho.