*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Bortesigrar i Slettedalen Rundt

Øyvind Røgenes og Karine Anette Klæboe var raskast i skisporet sundag.

– Dette var kjekt, det er første gong eg har vunne i Slettedalen. Eg fekk ein tredjeplass i fjor, og ein andreplass i 2011. Og eg pleier alltid å ligg langt bak Kristian Ildstad, fortel Øyvind Røgenes.

22-åringen frå Erfjord idrettslag var raskast i sporet under Slettedalen Rundt sundag.

Røgenes fortel at han hengde seg på saudabuen Kristian Ildstad frå start og at dei to skifta på å dra i delar av løpet. I den siste sløyfa, ved Storestølsbakken, valde han å gjera eit rykk.

– Eg merka at Egil Herheim nærma seg farleg bakfrå og måtte gjera noko. Heldigvis greidde dei ikkje å følga meg, seier Røgenes, som vann med tida 1.08.25.

Fire damer stilte til start i konkurranseklassen i årets Slettedalen Rundt. Raskast av damene var Karine Anette Klæboe.

35 løparar stilte til start i konkurranseklassen, medan 142 trimmarar tok turen i ei 15 kilometer lang løype langs Slettedalsvatnet.

Deltakarrekorden blei sett i 1985. Då deltok heile 375 løparar i Slettedalen Rundt.