– Kor mange andre postar på kommunebudsjettet har fått ein slik reduksjon? spør Knut Saua, leiar i Sauda idrettsråd.
I desember i fjor vedtok dei folkevalde i kommunestyret kommunebudsjettet for 2013. Knut Saua har nå rekna på kva det får å seia i kroner og øre for dei fire idrettslaga i bygda.
Medan politikarane dei siste åra har overført 430 000 kroner årleg til idretten, er summen for 2013 settt til 200 000 kroner.
– Under føresetnad av at me bruker same fordelingsnøkkel som før betyr det: Sauda idrettslag får 37 000 kroner i 2013. I 2012 var summen 125 000 kroner. Sauda turnforening får 20 600 kroner, mot 68 000 kroner i 2012. IL Ny Von får 17 000 kroner, i 2012 fekk laget 57 000 kroner. Sauda O-klubb får 10 000 kroner, mot 34 000 kroner i 2012, viser idrettsrådsleiaren til.
Reduksjonen i tilskota til dei fire idrettslaga er større enn kva kuttet på 55 prosent i den kommunale overføringa skulle tilseia. Knut Saua forklarer det med at laga som har representantar i idrettsrådet får ei lita godtgjering for dette. Vidare er mellom 50 og 60 000 kroner øyremerka støtte til eliteutøvarar.