Sauda Sorteringsanlegg

Kommunen må forklara seg

Kontrollutvalet spør kva som skjedde då kommunen avgjorde kven som fekk oppdraget med å transportera avfall.

Kontrollutvalet har møte førstkomande måndag. Utvalet har bedt rådmann Alan G. Thompson om å delta på dette møtet. Grunnen er at kontrollutvalet ønsker ei orientering om prosessane i anbodskonkurransen for transport av avfall ut frå Sauda kommune. Kommunen meiner på si side at alt har skjedd på korrekt måte.

Sauda kommune lyste i fjor haust ut anbodskonkurranse for transport av avfall. Fire firma leverte inn tilbod. I november bestemte kommunen seg for å inngå kontrakt med Aartun Transport as. Kommunen meinte dette firmaet leverte det beste alternativet for kommunen. Avgjerda vart teke ut frå kriteria pris, responstid, referansar og materiell.

– Me har vald å behandla saka, og det vil skje på møte måndag 18. februar, stadfestar Inge Løyning, leiar i kontrollutvalet.

Løyning seier at det har versert ulike rykte, mellom anna om forskjellsbehandling, om denne saka i lokalmiljøet. Han presiserer at utvalet vanlegvis ikkje reagerer på rykte, men at dei valde å ta saka for å bidra til å avkrefta desse og samstundes bidra til å styrka tilliten til kommunen sine rutinar for anbodshandtering.

– Utvalet vil bidra til å få avklara korleis rutinane er, og at ein er trygg på på at lovverket vert følgd, opplyser han.