Skrapte ikkje frontruta – mista lappen

Klokka 06.30 tysdag stoppa ein patrulje frå lensmannskontoret ein mann i slutten av 50-åra. Ifølge politiloggen frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt var mannen på veg til jobb. Men han køyrde ein bil med nedisa ruter. Sikta var sterkt begrensa. Politiet melder at det i slike tilfelle vert reagert med anmelding og beslag av førarkortet. Saka vert etterforska vidare av Sauda lensmannskontor.

Politiet oppmodar bilistane til å starta dagen litt tidlegare og sjå til at alle rutene er is- og doggfrie før ein gir seg ut på vegen.

– Køyring med redusert sikt er livsfarleg, minnar politiet om.