Har budd med eldre i over 40 år

Anne Brit Opheim flytta inn på aldersheim då ho var 23 år.

Året er 1966. 19 år gamle Anne Brit Opheim er spent – og ganske nervøs. I dag, 13. desember, skal legane ved Rikshospitalet operera henne i hjernen. Hyppige og alvorlege epilepsianfall og eit rennande auge har gjort at dokteren heime i Sauda har henvist henne til augelege i Stavanger, som sporenstreks har vidaresendt henne og faren til hovudstaden same kveld. Det siste ho tenker før narkosen verkar er at nå skal alt bli bra.

Når Anne Brit Opheim vaknar etter hjerneoperasjonen er ho forvirra. Pleiarane ber henne sova lenger. Etter kvart blir det klart at operasjonen har gjort meir skade enn gagn for den unge saudajenta, på terskelen av vaksenlivet. Ho er blitt blind på venstre auge, kan ikkje stå på føtene og talen er svekka. Heime i Sauda endar 19-åringen i ein liggestol hos foreldra i Åbøbyen. Åra går. 23 år gammal flyttar ho inn på Høllandsheimen saman med gamle og pleietrengande.

I dag er Anne Brit Opheim blitt 66 år.

– Nei, eg føler ingen bitterhet. Eg har det jo bra, seier ho.

Les heile historia i papirutgåva eller last ned e-avis.