– Ei veldig god interesse. Eigedommen har bare lege ute for sal ei dryg veke, seier Vidar Opheim, meklar i haugesundsfirmaet Eiendomsmegler A.
Meklar Opheim vil ikkje seia nøyaktig kor mange som har tatt kontakt og vist interesse for eigedommen, men opplyser at ingen av dei er saudabuar. Fleire av interessentane har tidlegare også ”snust” på den andre hotelleigedommen som ligg for sal i Sauda, Sauda Fjord Hotel.
Nokre av interessentane har, ifølge Opheim, relevant erfaring frå hotelldrift andre stader.Blant interessentane som har meldt seg, er det spesielt to personar som er ekstra aktuelle, to ”svært gode interessentar”, ifølge Opheim. Utfordringa deira er i første omgang nå å få skaffa finansiering til å kjøpa eigedommen, som har ei prisantydning på 5,9 millionar kroner. Meklar Vidar Opheim har alt vore i kontakt med fleire bankar.
– Bankane er blitt meir restriktive når det gjeld å gi lån til investering i næringseigedommar. Nettopp dette er ei stor utfordring, vedgår Opheim, som jobbar vidare med å sjekka lånemuligheter hos andre bankar.