Knut Atle Seim, Høgre, hyttebygging

Ser framtida i hytter

Knut Atle Seim og Sauda Høgre ønsker 1 000 nye hytter velkommen.

– Kvifor ikkje setta oss store, hårete mål? utfordrar Knut Atle Seim, kommunestyrerepresentant for Høgre.

Seim og partiet hans vil gjera sitt for å legga til rette for at det vert bygt 1 000 nye hytter i dei ulike dalføra kring i Sauda.

– Ei undersøking gjort i Buskerud viste at ein hytteeigar handlar matvarer og liknande for 55 000 kroner i året. I tillegg kan me legga inn 10-12 000 kroner i utgifter til vedlikehald med meir. Om me i Sauda skulle oppnå maksimal uttelling for 1 000 nye hytter, vil det seia mellom 65 og 70 millionar kroner i året. Eg trur det vil vera eit formidabelt bidrag til den lokale verdiskapinga, seier høgrepolitikaren, som presiserer at målet partiet har sett seg sjølvsagt må nåast over tid.

– Det er opp til grunneigarane sjølv å bestemma om dei vil få regulert inn hyttefelt eller bustadtomter i kommuneplanen, strekar Seim under.

Han er like fullt overtydd om at ei slik satsing vert ein vinn-vinn-sak for alle partar. I tillegg trur han at hytteutbygging kan vera med og styrka drifta i ei elles hardt pressa landbruksnæring. Samstundes ser han at ei stadig aukande hyttebefolking gir utfordringar for heimesjukepleien i kommunen. Vidare skal infrastrukturen, med vegar, parkeringsplassar, vatn og straum leggast til rette.

Me som politikarar bør først og fremst flagga eit standpunkt: Er dette noko me vil? Me må ta debatten og ta eit vegval, seier Knut Atle Seim.

Les meir i papiravisa eller last ned e-avis