Ingen feil i innkjøpet

Kontrollutvalet konstaterer at kommunen følger lovar og rutinar i innkjøpsarbeidet

– Innkjøpet av transport av avfall ut av kommunen er gjort på rett måte, slik kontrollutvalet ser det. Me har ikkje funne feil i måten anbodskonkurransen vart gjennomført på. Me ser at utvelginga kommunen har gjort, er korrekt. Rutinane og systemet kommunen har, fungerer, slår leiar i kontrollutvalet, Inge Løyning, fast.

Måndag gjekk kontrollutvalet gjennom kva som skjedde då kommunen bestemte kven som skulle få oppdraget med å transportera avfall ut av kommunen.

– Det vil seia, me diskuterte prinsippa i det kommunale innkjøpsarbeidet, men med denne saka som ei prinsippsak, som ei referansesak, presiserer Inge Løyning.

Utvalet gjekk gjennom dokumentasjonen det hadde bedt kommunen om: Anbodskriterium, utlysingstekst, innkomne anbod, protokoll frå anbodsordninga, referat frå utvelgingsprosessen, klagebehandling og anna relevant informasjon.