Solid støtte til sjåførutdanning

Rogaland fylkeskommune kjøper kursplassar for bussjåfør-lærlingar ved sjåførlinja på Birkeland.

Sjåførlinja ved Sauda vidaregåande skule rullar stødig vidare på vegen mot å tilby eit stadig breiare og betre opplæringstilbod. No bidreg Rogaland fylkeskommune til å gi landslinja på Birkeland endå fleire krefter til å løfta elevane fram med.

– Ja, fylkeskommunen kjøper inntil ti kursplassar for bussjåførlærlingar, stadfestar avdelingsleiar Paul Åbø.

For å få fagbrev som bussjåfør, må ein gå i lære i ei bedrift. Den to år lange læretida femnar óg om eit 19 veker langt kurs ved ein dertil autorisert utdanningsinstitusjon. Lærekontrakten må dei komande bussjåførane sjølv skaffa seg. Men Rogaland fylkeskommune vil altså no betala for at inntil ti lærlingar skal kunna følga kurset ved Sauda vidaregåande skule.

Paul Åbø legg til at denne omlegginga av opplæringa ikkje tyder nokon endringar i skulekvardagen på Birkeland. Den same lærarstaben gir det same tilbodet som før.