Super sundag for ski

Etter avlysing laurdag vart det dobbel fartsfest i Svandalen sundag.

Under prøvekøyringa fredag før helgas kretsmeisterskap i Super G i Svandalen var det bortimot perfekte forhold. Laurdagen kom imidlertid med sterk vind og eit surt vêr, og arrangøren avlyste rennet. Dei yngste opp til og med ti år fekk imidlertid køyrt to omgangar storslalåm, då vêret betra seg utetter dagen.

Sundag var det igjen flotte forhold for alpinistane. Dei 70 påmeldte frå Agder, Hordaland og Rogaland køyrde denne dagen like godt to Super G-renn: Eit kretsmeisterskap (titlar hordalendingane ikkje kunne vinna, men pallplassane var opne for alle), og ein vanleg konkurranse.

Saudas Daniel Foss henta heim ein sølvmedalje i kretsmeisterskapet etter framifrå køyring i klasse gutar 15-16 år, bare slått av jærbuen Ferdinand Eide Solberg.

Les og sjå meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.