Kvinnene inntar posisjonar

Dei siste tjue åra har saudakvinnene for alvor markert seg i lokalpolitikken.

I dag, fredag 8. mars, er det den internasjonale kvinnedagen. I år er det dessutan 100 år sidan kvinner fekk allmenn stemmerett i Norge. Likevel gjekk det mange år før kvinner i Sauda hamna i lokale maktposisjonar.

Første kvinne som blei valt inn i Sauda formannskap var Gro Voldner Birkeland frå Venstre. Ho var formannskapsmedlem i perioden 1980-84 saman med Høgre-ordførar Kåre Årthun og seks andre menn. Først i 1995 fekk Sauda sin aller første kvinnelege ordførar.

– Det var ikkje bare enkelt, nei. For det første var eg kvinne, men eg var også ei bondekone og tilflyttar frå Erfjord. Dessutan var partiet eg representerte i mindretal i kommunestyret, fortel Senterpartiets Anne Marie Brekke.

Les meir papirutgåva eller last ned e-avis her.