Vil samla kreftene om Folkets Hus

Ordførar Frode Sulen ser Folkets Hus som Saudas framtidige kulturelle storstove.

– Det er på tide å samla trådane og få til noko, seier ordførar Frode Sulen frå Arbeidarpartiet.

Diskusjonane om korleis ein kan skaffa Sauda ei kulturell storstove har pågått i fleire tiår. Forslaga og planane har vore mange. Kommunestyret fatta seinast i 2011 eit framleis gyldig vedtak om å vera med og utgreia høvet til å gå inn med ei sal/scene-løysing i tilknyting til Sauda Fjord Hotel. Planen var at kommunen skulle skaffa 20 millionar kroner til ein sal med ein uttrekkbar tribune som kan romma i underkant av 300 personar i eit tilbygg til hotellet.

No føreslår ordføraren å legga vekk alle andre alternativ og konsentrera kreftene og ressursane om Folkets Hus.

– Slik det ser ut no, får eg støtte i partiet, opplyser Frode Sulen.

Les reaksjonane frå dei andre partia i papiravisa eller last ned e-avis her.