Håpar på hybel-løysing

Politikarane skal på ny behandla søknaden frå Sverre Gustav Birkeland om å få omdisponera eit uthus til hybelhus.

– Nå får me sjå kva politikarane bestemmer seg for. Eg er litt spent på å sjå korleis dei stiller seg, seier Sverre Gustav Birkeland nøkternt før morgondagens møte i formannskapet.

Birkeland har klaga på eit vedtak i formannskapet frå august i fjor om at han må utarbeida reguleringsplan før dei folkevalde vil vurdera søknaden hans om å få omdisponera eit uthus han har ført opp til hybelutleige og «Inn på tunet»-verksemd.

Innstillinga frå rådmannen er at Sverre Gustav Birkeland bør få dispensasjon for bruksendringa han søker om.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.