Sender protestbrev til justisministeren

Ordførarane på Haugalandet liker dårleg at politimeisterstillinga ikkje lenger er eit åremål.

– Fjerninga av åremålet er eit teikn på at ei samanslåing til ei større eining vil bli vurdert. Då meiner me det er rett å vera tydelege og seia frå kva me meiner, seier bømloordførar Odd Harald Hovland, som har forfatta brevet som er sendt til justisminister Grete Faremo.

Hovland er skeptisk til at Haugalandet, det store geografiske området mellom Bergen og Stavanger, ikkje skal ha eiga politileiing.

Justis- og beredskapsdepartementet har bestemt at åremålsstillinga som politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt nå skal lysast ut som ei konstituering fram til 31. desember 2014.

Ordførar i Sauda, Frode Sulen, er ein av dei tretten ordførarane på Haugalandet som har skrive under på protestbrevet. I brevet står det at kommunane er fornøgd med dagens organisering og at avstandane mellom kommunane og politidistriktet si leiing har vore kort, både geografisk og samarbeidsmessig.

– Er du einig i dette, Sulen? Sauda kommune har jo tidlegare uttrykt misnøye med organiseringa der politiet har vakter i eit stort geografisk distrikt.

– Det er sant. Me har ikkje vore heilt fornøgd, då spesielt med tanke på om det er nok patruljerande politi i distriktet vårt. Men politimeisteren har lova oss meir politi på hjul så snart han får ressursar til fleire stillingar, seier Frode Sulen.

 Les meir papirutgåva eller last ned e-avis her.