*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Båtpåsken er avlyst

Isen set ein stoppar for saudatur for eit par hundre påskegjester.

– Det er bare å beklaga, men me må avlysa båtpåsken i år, seier Odd Lidal, formann i Sauda Motorbåtforening.

Isen på fjorden er fleire stader målt til ein halv meter tjukk. Med kuldegrader i vente den næraste veka, og palmehelga bare ei dryg veke unna, såg ikkje foreininga noko anna utveg enn å avlysa heile båtpåsken i Sauda.

Båtforeininga har vurdert å leiga inn ein isknusar, men dette blei sett på som altfor kostbart.

– Dessutan, viss me knuser isen, blir den jo bare liggande. Den forsvinn ikkje, påpeikar Lidal.

Hamnesjef i motorbåtforeininga, Trygve Snare, fortel at isbrytaren som var på fjorden i dag, onsdag, hadde store problem med å bryta seg gjennom isen.

– Enkelte stader har det nyleg laga seg til ny is. Og til og med den er 10-15 centimeter tjukk, fortel han.

Dette er første gong båtpåsken i Sauda blir avlyst.

– Trist. Veldig trist, vedgår formann Lidal.

Sauda Motorbåtforening taper inntekter som følge av avlysinga. I tillegg blir den lokale turistnæringa, spesielt skisenteret i Svandalen, og handelsstanden ramma økonomisk som følge av at eit par hundre turistar nå må droppa saudaturen i påsken.

70 båteigarar hadde bestilt påskeplass i småbåthamna.