Foreslår å senka promillesatsen

Fleirtalspartia i kommunestyret vart i dag, fredag, einige om føreslå å senka promillesatsen for eigedomskatten. Saka kjem opp i kommunestyret 10. april.

I dag tidleg, fredag, kom ordførar Frode Sulen og Egil Bakke frå Arbeidarpartiet, Bernt Egil Strømme frå Kristeleg Folkeparti og Karl Erik Handeland frå Senterpartiet saman til møte. Tema var promillesatsen for eigedomsskatten.

– Sjølve retakseringa var nødvendig og lovpålagt. Men me ser at auken vart høgare enn tenkt. Som ansvarlege parti såg me at me var nøydd til å gjera noko, seier Sulen.

Kommunestyret har tidlegare vedteke å senka promillesatsen for bustadeigedomar frå sju til fire prosent, samstundes som det vart gjennomført retaksering av alle eigedomar som alt er underlagt eigedomsskatt.

Til møtet i kommunestyret vil dei tre partia fremma forslag om å senka taksten frå fire promille til mellom to og to og ein halv promille.

– Sluttar kommunestyret seg til forslaget, noko eg håpar det gjer, er intensjonen at reduksjonen skal gjelda frå og med 10. april. Korleis det skal gjennomførast i praksis er opp til rådmannen, kommenterer Frode Sulen.