– I forslaget vårt tilbyr me kommunen både å kjøpa, å leiga eller å leasa bygget. Me er opne for ulike former for samarbeid. Då forventar eg at tilbodet blir behandla seriøst og med respekt, seier Kristian Hystad, dagleg leiar og styreleiar i Hystad Marketing as.
I oktober i fjor tok Hystad Marketing as kontakt med kommunen og tilbaud dei eit nært samarbeid knytt til utviklinga av eit kulturelt aktivitetshus i kafèbygget.
Onsdag leverte han eit nytt brev til kommunen, der han minnar om at også hans prosjekt kan gjerast etappevis.
Kommunalsjef fellestenester, Andreas Fløgstad, vedgår at det har tatt tid å vurdere konseptet til Kristian Hystad. Men han meiner samstundes at det har ei naturleg forklaring.
– Årsaka, som også blei forklart til utbyggar, er at vi meiner det må sjåast i samanheng med den komande saka om framtida til Folkets Hus. På grunn av eigarskap til bygget, varsel om vernetiltak og økonomisk omsyn må det ei avklaring til her før andre relaterte tiltak kan vurderast på ein skikkeleg måte. Dei ulike forslaga eller konsepta vil derfor bli sett i ein samanheng i den saka som kjem opp, seier han.
Frode Sulen synest det er trasig at Hystad har lagt ned drifta ved Far`s Vilje. Han minnar om at politikarane si oppgåve er å jobba for prosjekt som er til kommunen og innbyggarane sitt beste, og at det er det som er politikarane sitt mandat i saka.
– Eg vil prøva å få med meg dei andre politikarane med på å legga vekk både prosjektet ved fjordhotellet og Hystad sitt tilbod. Eg meiner at det heilt klart er Folkets Hus me må satsa på. Me må tørra å kalla Folkets Hus eit kulturhus, seier ordførar Frode Sulen.
Les fleire kommentarar i papirutgåva eller last ned e-avis her.