Vikedøl blir hovudtalar

Henning Aarekol er årets 17.mai-talar.

– Om eg har begynt på talen? Nei. Men fram til nå har eg bare hatt mareritt om han, seier Henning Aarekol spøkefullt.

35-åringen har sagt ja til å vera hovudtalar under årets 17. mai-arrangement i Sauda.

Henning Aarekol er frå Vikedal, men bur i dag i Haugesund der han går første året på sjukepleiarstudiet og jobbar elles fullt i ambulansetenesta. I tillegg reiser han rundt i fylket og held føredrag om kommunikasjon og motivasjon. Henning Aarekol står også i spissen for kampanjen ”Sei hei” ved Høgskulen Stord/Haugesund. Målet er å retta fokus mot studentar si psykiske helse, og kampanjen er i ferd med å spreia seg til andre skulemiljø i Norge. Han er kjent for sitt ekstra gode og smittande humør, men vil likevel ikkje kalla seg komikar.

– Ein 17. mai-tale må sjølvsagt alltid ha med visse tema. Men eg har lyst til å sjå desse tema frå ein annan vinkel og fortella om dei på ein annan måte, seier han blidt.