– Dei aller, aller fleste er flinke og tar hensyn. Men det fins dei som er nærare 150 kilometer i timen enn 50 kilometer i timen, seier Alf Jostein Årtun, dagleg leiar i AS Forskaling.
Saudafirmaet AS Forskaling starta måndag 4. mars arbeidet med å skifta ut hovudvassleidninga til Saudasjøen. Arbeidet går føre seg langs «stripå» ved Traskjæret, der fartsgrensa normalt er 70 kilometer i timen. Grunna arbeidet langs vegen er farten sett ned til 50.
Likevel, fleire bilistar passerer anleggsstaden i langt høgare fart.
Lensmann Randi Kalvik meiner vegtrekket er godt skilta med både fartsskilt og skilt som fortel om arbeid langs vegen.
– Vegbanen ikkje er innskrenka og målet er at trafikken skal flyta greitt forbi. Men stor fart forbi aukar risikoen for dei som jobbar like i vegkanten. Vis hensyn, oppmodar Kalvik.
Eit arbeidslag på fem-seks personar frå AS Forskaling jobbar i området, og to gravemaskinar og ein traktor er i bruk. Planen er at arbeidet skal vera ferdig like over påske.
– Og så blir det litt oppryddingsarbeid seinare i vår, seier Alf Jostein Årtun, dagleg leiar i firmaet.