Saman for meir fellesskap

Forumet kyrkja i industrisamfunnet arbeider med å skapa ein møteplass på tvers av kultur og religion.

Målfrid Selvik Årthun og Bjørn Øygard er med i komiteen som førebur det neste arrangementet i regi av kyrkja i industrisamfunnet. Tema denne gongen er korleis ein skal skapa møteplassar mellom tilflyttarar frå andre kulturar og dei som alt bur her, og korleis dei nye innbyggarane kan få innpass i arbeidslivet. Det vert eit arrangement i oktober i år og eitt i februar neste år.

– Me ønsker eit ope, breitt samfunn der alle føler at dei har ein plass, seier Selvik Årthun.

– Ja, våre nye innbyggarar frå andre kulturar har ei utfordring i å tilpassa seg. Men den pila peikar også mot oss sjølve. Dei tilfører samfunnet ressursar, også på det privat planet. Men er Sauda det opne, inkluderande samfunnet me ønsker å framstilla oss som?, spør Øygard.