Lovforslag mot doping

Det vil koma forbod mot å bruka dopingmidlar.

– Eit førebyggande tiltak, trekker Saudas stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Torfinn Opheim, fram som eit sentralt argument for at han fullt ut støttar det komande lovforslaget som gjer bruk av dopingmidlar til ei kriminell handling.

Per i dag er det forbode å importera, produsera og selga dopingmidlar. Men det er lov å kjøpa, inneha og bruka slike midlar.

Fredag gjekk Kongen i statsråd inn for eit lovforslag som kriminaliserer også kjøp, innehav og bruk. I løpet av våren vil Stortinget som lovgivande forsamling godkjenna lovforslaget.

Gunn Bastlien ved treningssenteret Frisk & Rask synest det er svært bra at det no kjem eit lovforbod mot bruk av doping, det er noko ho har venta lenge på.

– Eg har snakka med mange innan treningsmiljøet, og alle synest det er kjempepositivt, seier ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.