Startar underskriftskampanje

Krev konsekvensutgreiing av begge kulturhusalternativa.

– Målet er 200 underskrifter, seier Espen Gudbrandsen, som har tatt initiativ til underskriftskampanjen.

Planen er å få nok underskrifter til å fremma eit såkalla ”innbyggarinitiativ”. Kommunestyret pliktar å ta stilling til forslaget dersom minst to prosent av innbyggarane står bak forslaget. 300 underskrifter vil uansett alltid vera tilstrekkeleg.

– Ein signerer ikkje for eller imot Folkets Hus eller for eller imot Hystad-prosjektet. Kampanjen handlar om eit krav om å få ei grundig konsekvensutgreiing av begge alternativa, forklarer Gudbrandsen.

Han meiner at alle politikarane og innbyggarane i Sauda fortener å få vita kva som ligg i dei to prosjekta av samfunnsnytte, byggekostnader og driftskostnader.

Les kommentar frå ordførar Frode Sulen og meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.