Promille og narkotika

Politiet melder at ein bilførar vart stoppa i Sauda natt til langfredag. Lovas handhevarar mistenker mannen, som ifølge politiloggen var på besøk i Sauda, for å ha køyrt i rusa tilstand.

Blodprøve er teke, førarkortet beslaglagt og anmelding er skrive.

Nokre timar seinare, om morgonen, fekk poitiet melding om ein bil som låg på taket kring to kilometer frå Ropeid i retning Sauda. Då politiet kom til staden fann dei ingen personar i bilen. Etter kort tid trefte ein politipatrulje frå Sauda på ei kvinne i 40-åra. Ifølge politiloggen er ho kjent av politiet frå tidlegare. Ho skal ha erkjent å ha køyrt bilen. Ho var uskada, men er mistenkt for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Nødvendige prøvar vart teke. Ved nærmare undersøking oppdaga politiet at kvinna også hadde narkotika.

Saka vert etterforska av Sauda lensmannskontor.