Fryktar skatteauke hindrar næringsutviklinga

Skattesatsen på næringsbygg står framleis på sju promille.

– Den kraftige auken i eigedomsskatten på næringsbygg kan bidra til å legga ned delar av det alt skjøre næringslivet me har i Sauda, seier Dagfinn Birkeland, administrerande direktør i Sauda Byggsenter as.

Byggsenteret, som eig butikk- og lagerdelen i det tidlegare ”Coll-bygget”, har nå blitt pålagt ei årleg eigedomsavgift på 64 000 kroner etter at dei kjøpte delar av bygningsmassen og bygde på butikkdelen i fjor haust. Den andre delen av bygget er eigt av Coll Eiendom as. Totalt må eigarane av den store mubygningen ut med 120 000 kroner i eigedomsskatt per år. Dette er ein auke på heile 86 000 kroner samanlikna med i 2012.

– For vår del betyr auken at me årleg må auka omsettinga vår med 1,6-1,7 millionar kroner, fortel Birkeland.

Coll Eiendom as må nå betala 56 000 kroner i eigedomsavgift for bygget. Styreleiar Dag Ole Stråbø seier at han har forståing for at kommunen har tatt tak i eigedomsskatten for å få auka inntekter. Men, han fryktar at skatteauken kan ta knekken på både småbedrifter og investeringslysta i Sauda.

– Sju promille høyres ubetydeleg ut. Men sju promille kan også utgjera ein stor prosent av drifta av eit bygg, forklarer han.

For millionbedrifta Sauda Installasjon as, som Stråbø er dagleg leiar for, er auken i eigedomsskatten absolutt overkommeleg. Stråbø er meir bekymra for kva konsekvensar eigedomsskatten får for mindre bedrifter og lokale investorar.

– Kven ønsker å investera i eigedom når den høge eigedomsskatten tar vekk heile inntektsgrunnlaget og vel så det? Eg trur Sauda kommune gjer seg sjølv ei bjørneteneste her, seier Stråbø.

Les fleire kommentarar i papirutgåva eller last ned e-avis her.