Internasjonalt i Svandalen

For første gong skal det avviklast eit internasjonalt FIS-renn i Svandalen.

– Rundt 60-65 løparar; eg har ikkje det nøyaktige talet, då påmeldingsfristen er forlenga. Men det kjem løparar frå Danmark og Sverige, og kanskje eit par frå Bosnia, pluss dei norske deltakarne, fortel Ove Ness Øye i alpingruppa i Sauda Idrettslag.

Då Ryfylke snakka med han i går, torsdag, var han på Hovden, for å sjå og læra av FIS-renna som då pågjekk der. Til helga, når alpingruppa arrangerer sitt aller første FIS-renn med internasjonal deltaking, vil representantar frå idrettslaget på Hovden koma til Svandalen.

Ragnar Fosstveit, ein annan representant for alpingruppa, opplyser at det vil verta køyrd slalåm laurdag og sundag.

– Høgde og lengde på traseen er godkjent av FIS. Det vert ei løype for damer og ei løype for herrar, seier han.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.