Kritisk lite vatn i grunnvasskjelda

Ein av tre brønnar på Austarheim er stoppa.

– Me må faktisk kalla det ei krise, seier kommunalsjef teknisk, Anders Skaarer.

Vasstanden i grunnvasskjelda på Austarheim er nå så låg at han ber innbyggarane spara på vatnet i vekene framover.

Hausten 2007 kunne Sauda kommune ta i bruk den nye grunnvasskjelda på Austarheim, der ein hentar vatn frå to brønnar på 18 meter djupne og ein på 16 meter. Drifta av brønnen på 16 meter er nå stoppa for å unngå å få sand, jord og andre ulumskheter inn i vassystemet.

– Me har ennå vatn i dei to andre brønnane, men vassnivået er uvanleg lågt. Normalt skulle vasstanden ha stege godt i fleire veker nå, seier Ordin Søndenå, avdelingsingeniør i kommunen.

Anders Skaarer fortel at det totale vassforbruket i Sauda likevel er lågare i dag enn for to år sidan. Dette heng saman med at fleire lekkasjar i systemet nå er tetta.

– For to år sidan brukte me 5 000 kubikkmeter i døgeret. Nå ligg me på 4 000, opplyser han.

– Me oppfordrar folk til å begrensa det unødvendige forbruket sitt. Til dømes treng ein ikkje vaska bilen eller spyla gardsplassen nå, seier Anders Skaarer.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.