Fryktar kjøparflukt

Sal/scene-planane auka interessa for Sauda Fjord Hotel. Nå er planane skrinlagt.

– Ei merkeleg avgjerd, seier Jan Reidar Jørgensen, eigar av Sauda Fjord Hotel i Saudasjøen.

Onsdag vedtok kommunestyret å legga vekk dei tre andre alternativa for nytt framtidig kulturbygg, deriblant sal/scene-prosjektet ved fjordhotellet, og gjekk heller inn for ei 20 millionar stor oppgradering av Folkets Hus i sentrum. Jørgensen fryktar at vedtaket vil skremma vekk investorar som har vore interesserte i å kjøpa Sauda Fjord Hotel. Han fortel at tre-fire interessentar framleis jobbar med eit eventuelt kjøp av det erverdige hotellbygget, som har lege for sal i snart eitt år nå.

– Dei har vore møte med kommunen og Sauda Vekst, og blitt fortalt at vedtaket (om å utgreia sal/scene-prosjektet, red.merkn) framleis står ved lag. Eg synest det er dårleg at dei ikkje blir informert om at ein kunne risikera at planane blir skrinlagt. Og så går ordføraren plutseleg ut i avisa og seier at sal/scene-planane skal leggast vekk og at Folkets Hus er det einaste alternativet. Eg finn det merkeleg og ganske uproft, seier Jørgensen.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.