Politiet melder at det var arrangement som trekte mange ut på byen laurdag kveld. Ifølge politiloggen var det óg tilløp til bråk i nokre tilfelle, men politipatruljen var synleg til stades og fekk gripe inn før krangling utvikla seg til slåsting. Patruljen i Sauda har óg, ifølge den same politiloggen, registrert fleire tilfelle kor dei har brukt bestemminga i politilova om bortvising. Dette vert meldt å ha fungert godt i Sauda laurdag kveld.