Ingen bassengpengar frå Ryfylkefondet

Avslo Sauda sin søknad om ein halv million kroner i støtte til utebadeanlegget.

– Ei prinsippsak. Ryfylkefondet sin policy er å ikkje gi pengestøtte til denne typen prosjekt i frykt for å danna presedens. Det har ikkje fondet pengar til, forklarer dagleg leiar i Ryfylkefondet, Arne Kleppa.

Sauda kommune søkte Ryfylkefondet om ein halv million kroner i støtte til det planlagde utebadeanlegget ved Saudahallen. Fredag sa fleirtalet i styret i fondet nei til søknaden. Ordførar i Hjelmeland, Trine L. Danielsen (Høgre) fremma forslag om å gi pengar til Sauda, men fekk bare støtte av saudaordførar Frode Sulen (Arbeidarpartiet). Fleirtalet, suldalsordførar Torkel Myklebust (Senterpartiet), forsandordførar Ole Tom Guse (Kristeleg Folkeparti) og fylkesordførar Janne Johnsen (Høgre), stemte for å avslå søknaden frå Sauda.

Dagleg leiar i fondet, Arne Kleppa, fortel at fondet som regel alltid avslår søknadar om pengestøtte til større idretts- og fritidsanlegg. Fondet har tidlegare blant anna sagt nei til å støtta eit golfanlegg i Suldal.

– Fondet støttar helst andre typar prosjekt, prosjekt som handlar om infrastruktur, vegar og større utviklingstiltak. Støttar me idrettsanlegg, fryktar me eit ras av søknader frå heile regionen. Men, det hender at me gjer ekstraordinære unntak. Me har for eksempel gitt ein millionar kroner til prosjektet i Almannajuvet, seier Kleppa.

Les reaksjonane i papirutgåva eller last ned e-avis her.