IMG_5452

Køyrde fort i Saudasjøen

Mange var for tunge på gasspedalen.

– 12 forenkla førelegg vart skrivne ut. Høgaste fart som var målt var 71 km/t i 50 km/t-sona. Vedkomande får seks prikkar i førarkortet, opplyser lensmann Randi Kalvik om lasermålinga Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte ved Risvoll skule i dag, onsdag.

Lensmannen synest at 12 førelegg gitt i løpet av rundt halvannan time – og det attpåtil i ein kontroll utført på ein skuleveg og like ved sjølve skulen – er mykje.

– Men det er ikkje eit overraskande resultat. Me har fått ein del klager på høg fart på denne strekninga. Difor er me glade for at UP kunne koma inn og føreta denne kontrollen, konstaterer lensmann Randi Kalvik.