IMG_2348

Ambulansefagelevar på veg ut i læretid

Ambulansefagelevane Hege Ree Årstad og Lill Veronica Strand har sikra seg lærlingplass dei komande to åra.

– Me er veldig fornøgd. Dette vitnar om at helseføretaka er flinke til å støtta opp om denne utdanningsvegen. Og at me har flinke elevar, seier Bård B. Lien, avdelingsleiar for helsefag ved Sauda vidaregåande skule.

Av totalt femten elevar på VG2 Ambulansefag er det ni elevar som har søkt om lærlingplass. Åtte av desse har fått plass. For dei som skal ut i lære, ventar to års arbeid ved ein ambulansestasjon før dei kan ta fagbrev som ambulansefagarbeidar.

Avdelimgsleiar Bård B. Lien seier at dei som kjem inn på ambulansefaglinja er elevar som veit kva dei vil og som jobbar hardt og målretta for å få plass ved den ettertrakta utdanninga.

81 personar søkte om skuleplass ved ambulanselinja i Sauda for skuleåret 2012/2013.

I løpet av dei 38 skulevekene er ambulansefagelevane ute i praksis to veker om hausten og to om våren. I tillegg har dei ei praksisveke i eldreomsorga og ein arbeidsdag ved ei legevaktteneste. Hege Ree Årstad og Lill Veronica Strand har hatt sine VG2-praksisveker ved ambulansestasjonar i Odda, Stavanger, Jæren og Karmøy.

Nå er dei spente på lærlingtida som ligg framfor dei. Og dei er førebudd på at dei kan bli mange utfordrande og krevande arbeidsdagar med mange og sterke inntrykk.

Sauda vidaregåande skule starta tilbodet om ambulansefagutdanning hausten 2010.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.