Stadige utfordringar ved legesenteret

Men har legar nok, trass fleire oppseiingar.

– Same kor godt ein planlegg, kan det dukka opp menneskelege faktorar som gjer at ting ikkje alltid går som planlagt, seier Aina Olene Tveit, kommunalsjef helse og omsorg i Sauda kommune.

I løpet av få veker har tre legar sagt opp stillingane sine ved Sauda legesenter. Dokter Mohamed Fougou starta i fast stilling 1. mars, men etter bare ein månads tid i Sauda sa han opp stillinga si, av private grunnar. Han hadde sin siste arbeidsdag ved legesenteret 30. april. Stillinga hans er alt lyst ledig. Også dokter Anne Karin Hoftun, som dei siste åra har hatt 20 prosent stilling som fastlege og ei 20 prosent stilling som kognitiv terapeut, har nyleg sagt opp stillinga si. Ho sluttar i løpet av våren ein gong. Tysdag 30. april leverte også dokter Regine Erler si oppseiing. Ho har hatt permisjon frå si faste legestilling og skulle etter planen begynna i jobben igjen 15. august.

Kommunalsjef Aina Olene Tveit og einingsleiar for helsesenteret, Berit Haustavik, fortel at oppseiingane botnar i ulike årsaker. Noko dei også har fått bekrefta gjennom samtalar med legar og hjelpepersonell.

Førebels jobbar fire vikarlegar og ein turnuslege ved Sauda legesenter.

Vikarlegane og to andre legar er på veg ut av legesentersystemet i løpet av det komande halve året, og kommuneleiinga jobbar nå kontinuerleg med å få nye legar til bygda.

Men, to legar har alt takka ja til jobb i Sauda.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.

– Legane verkar å trivast på jobb. Det som kan vera ei ekstra utfordring er vaktbelastninga, seier Haustavik.