IMG_2860

Står fast på skattegrensene

Fleirtalet i formannskapet vi behalda skattegrensene i Åsane hyttegrend.

Saka skal avgjerast i kommunestyret. Men fleirtalet i formannskapet stod på møtet i dag fast på å behalda den noverande grensa for eigedomsskatt i Åsane hyttegrend.

Ivar Tangeraas og Laila Stødle frå Høgre ønska å justera grensene i Åsane hyttegrend slik at heile feltet vert liggande under kommunedelplan Svandalen, og soleis friteke for eigedomsskatt i år. Slik situasjonen er i dag, ligg delar av feltet under sentrumsplanen. Denne delen er ilagt eigedomsskatt i år.

– Rådmannen kan gjerne argumentera med at det er lovleg å gjera det som er gjort, men det trur eg ingen er tent med. Sunt bondevett tilseier at me må justera grenser som openbert er feil, argumenterte Tangeraas.

Hallgeir Amdal frå Arbeidarpartiet synest rådmannen hadde kvalitetssikra sitt forslag til vedtak på ein god måte, noko han opplyste at dei fleste på gruppemøtet i partiet var einig i.

Også Bernt Egil Strømme frå Kristeleg Folkeparti meinte den lovmessige grunngivinga for å behalda dagens grenser var god og grundig. Han peika óg på at det frå neste år vert innført eigedomsskatt i heile kommunen, og då fell problemet i Åsane hyttegrend vekk.

Wenche Hoftun frå Arbeidarpartiet viste til at om ein justerer grensene for sentrumsplanen i Åsane hyttegrend vil ein kunna koma opp i tilsvarande utfordringar andre stader.