brita_van_gend

Øygard og van Gend sluttar også

Dokter Brita Øygard flyttar til Bergen og dokter Christine van Gend til Nederland.

– Eg sluttar ikkje fordi dei andre legane sluttar. Eg har tenkt på dette i fleire månader, fortel Brita Øygard, kommuneoverlege og dagleg leiar ved Sauda legesenter.

I løpet av få veker nå i mars og april sa tre legar ved legesenteret opp stillingane sine. Dokter Mohamed Fougou, som starta i jobben sin 1. mars, sa opp alt i slutten av mars. I løpet av april sa både dokter Anne Karin Hoftun og dokter Regine Erler opp sine legestillingar. Nå er det klart at også ytterlegare to fast tilsette legar sluttar i stillingane sine ved Sauda legesenter.

Dokter Christine van Gend, som den siste tida har jobba som fastlege i 40 prosent stilling, har sagt opp stillinga si og flyttar heim igjen til Nederland.

Dokter Brita Øygard vil i første omgang søka om eitt års permisjon frå legestillinga si i Sauda. Men, ho flyttar altså til Bergen, der familien alt har kjøpt seg hus. Øygard fortel at tanken om flytting kom då yngstedottera søkte skuleplass i Bergen. Med dette ville alle fem borna vera ute av reiret, og når ektemannen Bjørn jobbar som fylkeslege i Fnnmark, såg Brita Øygard føre seg eit noko stusseleg familieliv i Sauda.

Alt i februar i år begynte Brita Øygard derfor å sjå seg om etter legejobbar i bergensområdet, og ho reknar med at det skal gå greitt å få seg eit fast arbeid.

– Eg har lyst på ei samfunnsmedisinsk stilling. Det er det eg synest er mest interessant og som eg har lyst til å jobba med på fulltid, forklarer ho.

Med ein familiebase i Bergen vil det også vera lettare for Bjørn Øygard å pendla til og frå Finnmark – og å eventuelt få seg ei samfunnsmedisinsk stilling også han i same by som kona.

– Men me sel ikkje huset i Sauda, me held døra litt på gløtt, viss me vil tilbake, innrømmer Brita Øygard.

Av dei ni legane som jobbar ved Sauda legesenter per i dag, er åtte på veg ut i løpet av dei komande tre-fire månadene, fem av desse er vikarlegar og turnuslege. Bare Dokter Barbro Saltnes er igjen i si faste 100 prosent-stilling.

To dokterar er førebels på veg til Sauda. Dokter Anne Ruth Syrtveit Mikalsen kjem 15. juli, medan Inga Cecilie Sørheim kjem 1. september.

Les meir papirutgåva tysdag.